Har du barn mellom 0 og 12 år?

Opplevingskort i sommar – slik funkar det

Opplevingskort i sommar – slik funkar det

På rådhuset kan føresette hente billettar til kinoen i Fosnavåg konserthus og dagskort til Sunnmørsbadet.

ein gut med popcorn, brus og solbriller - Klikk for stort bilete Adobe Stock

I sommar forenklar vi utdelinga av opplevingskort: 

Frå 28. juni og til skulestart kan føresette hente kinobillettar og dagskort til bading for seg og sine barn (maks ein kinobillett og eit dagskort per person).

Billettane og dagskorta hentar du i servicetorget på Herøy rådhus i Fosnavåg.

Servicetorget er ope klokka 10.00–14.00 (stengt klokka 12.00–12.30) på kvardagar i sommar.

Tilbodet gjeld til lageret er tomt.

Opplevingskorta skal sikre at born og unge frå familiar med svak økonomi får høve til å delta i aktivitetar og kulturopplevingar. Herøy kommune har fått midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til denne ordninga.

Vi ønsker alle ein fin sommar!