Svein Arne Orvik
Søk jobben her.
Næringslivet har no bidratt med dei siste kronene som måtte til for å tilsetje ein sentrumskoordinator. Herøy kommune fekk før jul innvilga 1 144 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å tilsetje ein sentrumskoordinator for Fosnavåg sentrum i ein prosjektperiode på to år.
Kommunen og næringslivet har jobba med å samle inn 674 000 kroner frå handel og lokalt næringsliv for å dekke resten av lønnsmidlane til stillinga. No som kronerullinga frå næringslivet er i mål, er finansieringa av stillinga sikra.
Sentrumskoordinatoren blir tilsett i Herøy kommune, men er finansiert med tilskot frå fylkeskommunen og midlar frå næringslivet. Kommunen bidreg med kontorplass og arbeidstimar til ein verdi av til saman 428 000 kroner. Næringsforum bidreg med arbeidstimar til ein verdi av 42 000 kroner.
Dette skal sentrumskoordinatoren jobbe med
Sentrumskoordinatoren skal jobbe for å utvikle Fosnavåg sentrum, og skal vere eit bindeledd mellom kommune, handel og næringsliv for å skape gode og varige samarbeid. Personen skal legge til rette for og gjennomføre aktivitetar i sentrum, og kople handel, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar saman.
Koordinatoren vil jobbe med å bygge omdømme og forankre kultur og identitet for å utvikle Fosnavåg sentrum som turistdestinasjon. Det er eit mål å etablere nye møteplassar og skape meir aktivitet i sentrum.
Eit viktig løft for heile kommunen
Kommunen og næringslivet ynskjer å løfte Fosnavåg sentrum både for buande, arbeidande og besøkande. Det vil gi positive ringverknader for heile kommunen, for handel, næringsliv og nye prosjekt i sentrum. Eit attraktivt sentrum bidreg til økonomisk vekst, sosiale møteplassar skapar sosialt samhald, turisme gir økonomiske fordelar og aukar kommunen si synlegheit. Det er berekraftig og gir bustadattraktivitet. Levande sentrum og gode fritidstilbod er avgjerande for bu- og bli-lyst. Vi treng aktivitet og liv i sentrum.
Vi vil rette ei stor takk til alle som har bidratt til denne viktige funksjonen!