Delta i høyringa om skulestruktur

Frivilligprisen: Har du ein kandidat?

Frivilligprisen: Har du ein kandidat?

Kven fortener frivilligprisen i Herøy i år? Send oss eit forslag med grunngiving seinast 31.  desember.

ein illustrasjon av mange menneske - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Dersom du har sendt inn eit forslag tidlegare, tek vi gjerne imot det same forslaget også i år.

Send forslaget ditt til frivillig@heroy.kommune.no eller i post til Herøy frivilligsentral, Lisjebøvegen 10 A, 6091 Fosnavåg.

Kriterium for prisen

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisens vinnarar.
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Desse har fått frivilligprisen tidlegare år

2011: Steinar Åheim 
2012: Martin Slåttelid
2013: Alf-Rune Leirvik
2014: Saroya og Jeyakumar
2015: Heida Vel
2016: Alette Teige
2017: Jan Olaf Hareide
2018: «klede til glede»
2019: Leif Tjervåg 
2020: Marit Lyster
2021: Stig Vestnes
2022: Kaja Runde  
2023: Sigmund Nymark