SFO-tilbod

SFO-tilbod

Blåhaugen SFO har per i dag 104 born. Opningstida vår er 07.15 - 08.30 og 13.10 – 16.30.

Vi tilsette på SFO vil at borna skal ha ein trygg og god stad å vere. Dette er fritida deira og her skal det vere fri og uorganisert leik. Ifølgje rapportar frå Norges idrettshøgskule er fri og uorganisert leik, både sunt og nødvendig. Då kan borna oppnå viktige sosiale, emosjonelle og intellektuelle ferdigheiter.

Leik er først og fremst noko barn tykkjer er morosamt og gledesfylt. Her er det tid for sosialisering og vi ønskjer at dei kan kjenne på gleda av å høyre til og å meistre på mange ulike måtar. Vi vil også at tida på SFO skal gi den gode kjensla av å ha god tid og moglegheit til å gjere eigne val. Vi vaksne skal vere med på å lære dei å gi ros, vise omsorg og ha empati for kvarandre. I ein elles travel kvardag er dette noko vi treng, for å unngå stress og for å lære å handtere det sosiale samspelet med andre.

Vi ønskjer at kvar og ein skal få vekse og utvikle seg til å verte ein god versjon av seg sjølv. Her er det rom for kreativitet og spontanitet. Vi vaksne er her for å hjelpe borna til å finne gode relasjonar med kvarandre og til å finne det gode samspelet som kan gjere det lettare å omgås på skulen og på andre fritidsaktivitetar i regi av idrettslag og kulturskulen.