Ordensreglar

Ordensreglar

Vi har ulike reglar ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen.

Dette er reglane for uteområdet vårt:

Dette er grensene for uteområdet vårt:

  • Grense malt i vegen: mot Grushola, på hjørnet av SFO ved steinen, tunellen.
  • Buskene.
  • Gjerdet.
  • Øvre grense på nedre: Grusvegen.

Det er ikkje lov til å:

  • Ta sand ut av sandkassene eller å ha mold opp i sandkassa.
  • Hente vatn på toalett / inne.
  • Sykle på skuleområdet.                                
  • Leike med ball i tunellen.

- Vi bruker hoppetau til hopping.

- Snøballkasting er berre lov på blinkane.

Rutinar - dagsrytme:

Morgon:

  • Garderobe / klasserommet vert låst opp av lærar 08:20.
  • Ein vaksen helser på elevane når dei kjem inn i klasserommet.
  • Spriting av hendene.
  • I klasserommet skal det vere roleg aktivitet, elevane sit på plassane sine.

Friminutt:

  • Alle skal kome inn i tide frå friminutt.
  • Dersom nokon kjem for seint, vert ein skriven opp og heimen kontakta om det vedvarar.
  • Ein lærar skal vere tilstades på klasserommet når det ringer inn.

Slutten av dagen:

  • Roleg avslutning av dagen; syng ein song og takkar for i dag.
  • Elevane vippar opp stolane
  • Helsing når dei går ut.
  • Elevane får gå 13:10. 1.trinn: 13:05

Reglar og konsekvensar ved regelbrot:

Klassereglar:

Vi har felles klassereglar som alle elevane er kjende med og som heng synleg i alle rom.

Konsekvensar ved steinkasting:

1) Advarsel og kontaktlærar får beskjed.

2) Neste gong: Ringe heim.

Sjå reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune her.