Teiknar avtale mellom kommunen og idrettsrådet
For første gongen har vi og idrettsrådet teikna ein eigen samarbeidsavtale.
Frå venstre: Bjarte Øygard i idrettsrådet og ordførar Bjørn Prytz.
Svein Arne Orvik
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 10.05.2023 11:24
Sist endra 10.05.2023 14:53
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Avtalen vart skriven under onsdag av ordførar Bjørn Prytz og leiar Bjarte Øygard i Herøy idrettsråd.
I avtalen heiter det mellom anna at alle saker som er av felles interesse for idretten, skal formidlast til kommunen gjennom idrettsrådet.
Det står også at kommunedirektøren har ansvar for å hente inn uttale frå idrettsrådet i saker som vedkjem idretten.
Måla med samarbeidsavtalen er å
- fremje felles mål om idrett, fysisk aktivitet og folkehelse for alle i kommunen
- sikre god samordning og kommunikasjon mellom kommunen og idretten
- klargjere viktige prinsipp og gjensidige krav og forventningar til samarbeidet
- sikre god ressursutnytting av offentlege midlar til idrettsanlegg og aktivitet