Ta vaksine på kulturhuset – mot influensa og korona

Sjå datoane og sjekk om du er anbefalt å ta vaksine. I år set vi vaksinane på Herøy kulturhus. Sanitetsforeininga byr på kaffi og kaker.

utvendig bilde av Herøyhallen og Herøy kulturhus - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Vi tilbyr to vaksinar på kulturhuset. Du kan ta ein eller to vaksinar samtidig:

  • mot influensasjukdom – pris: 250 kroner
  • mot koronasjukdom (ny og oppdatert) – gratis

Vaksine mot lungebetennelse får du ved å kontakte fastlegen din. 

Desse dagane kan du ta vaksine på kulturhuset:

  • tysdag 22. oktober klokka 11.00–17.00
  • torsdag 24. oktober klokka 11.00–17.00
  • fredag 1. november klokka 11.00–17.00

Du kan ikkje bestille time – berre kom innom. Betal med Vipps eller setlar. 

Adressa til kulturhuset er Lisjebøvegen 10 A. Der er godt med parkeringsplassar. Velkomen!

Viss du er sjuk den dagen du har planlagt å møte, blir du oppmoda om å kome ein annan dag.

Kan du ikkje møte på nokon av datoane? Kontakt i så fall fastlegen din og avtal ein time.

Vi gir ikkje vaksine på Sanitetshuset i år, berre på kulturhuset.

Sjå om du er anbefalt å ta vaksinane

Anbefalingane er som i fjor:

  • Er du 65 år eller eldre? Då er du anbefalt å ta vaksinane mot influensa- og koronasjukdom uansett. Og du bør ta vaksinen mot lungebetennelse (pneumokokkar) viss det er meir enn fem år sidan du tok den sist.
  • Er du yngre enn 65 år? Då er du anbefalt å ta vaksinane dersom du er i ei risikogruppe. Klikk på lenkene nedanfor og sjå om du høyrer til ei risikogruppe.

Spør legen din dersom du er i tvil om kva som gjeld for deg.

Influensasjukdom

Sjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta influensavaksine.

Koronasjukdom

Sjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta koronavaksine.

Lungebetennelse

Sjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta vaksine mot lungebetennelse.