Adobe Stock
Ein ting er sikkert: Ingen veit kva morgondagen bringer. Ein annan ting er også sikkert: Dei vala kvar og ein av oss gjer, har mykje å seie for korleis det blir å vere eldre.
Derfor vil seksjon for rehabilitering gi deg desse tipsa:
Tips 1: Ver fysisk aktiv – det er godt for både kropp og sinn.
Tips 2: Tilpass bustaden din – eller flytt til ein meir eigna bustad.
Tips 3: Bruk evnene dine og knyt band til andre menneske.
Tips 4: Et sunt og godt – det er smart på fleire vis.
Klikk på kvart tips for å lese meir.
Kvifor gir vi tipsa?
Viss du er i aldersgruppa 65+, er det lurt å
- tenke gjennom korleis du ønsker at alderdomen skal vere
- gjere val som aukar sjansen for at alderdomen blir slik du gjerne vil
Dei fire tipsa over kan du godt ha høyrt før. Ein god ting kan som kjent ikkje seiast for ofte.
Du har sikkert også høyrt at vi blir stadig fleire eldre i samfunnet. Årsaka er ikkje berre at det kom nokre store årskull etter krigen, men også at vi lever lenger no enn før.
Takk og pris for det!
At eldre utgjer ein aukande del av folket, betyr fleire ting for lokalsamfunnet vårt:
- For det første har eldre massevis å bidra med. Det eldre veit og kan, er viktig for oss alle i Herøy-samfunnet, på tvers av generasjonane.
- For det andre er det eit gode om vi held oss friske lenge. Det er først og fremst bra for den enkelte. Og så er det bra for helse- og omsorgstenesta vår, som skal stille opp for dei som treng det.
Gjennom kampanjen «4 tips til 65+» formidlar seksjon for rehabilitering kunnskap til innbyggarane. På bildet er ein del av seksjonen samla.
Svein Arne Orvik
Hjelp til sjølvhjelp
Noko av det viktigaste vi gjer som kommune, er derfor å hjelpe folk til å hjelpe seg sjølve.
Skal ikkje folk få hjelp? vil nokon kanskje spørje. Jo visst, vi er der for å hjelpe. Vi har dyktige fagfolk som gir helsehjelp og omsorg, ofte til innbyggarar med store behov.
Men ofte er det mogleg å utsette det tidspunktet der vi får store hjelpebehov. Det går an å minke faren for å bli sjuk eller skada. Det går an å trene seg opp igjen etter sjukdom og skade. Og ved å legge godt til rette, kan vi leve lenge i heimen.
Som det heiter på fagspråket: Vi kan både førebygge og rehabilitere.
I kommunen har vi ekspertar på nettopp det. Dei vil gjerne gi deg hjelp til sjølvhjelp – og byr derfor på desse tipsa.
Tre herøyværingar fortel
Få også med deg korleis tre av innbyggarane våre ser på det å bli eldre: