Herøy gard er eit av Stikk UT!-turmåla i Herøy.
Svein Arne Orvik
– Gode møte mellom menneske og natur fremmer livskvalitet, og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål, der heile 187 er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Turane finn du i kartbrosjyren som blir levert i postkassene til alle innbyggarane i fylket.
Stikk UT! er ein turtrim for Møre og Romsdal og nokre andre stader i landet. Det er gratis å delta. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober.
For å vere med må du opprette ein brukar og registrere turane dine i Stikk UT!-appen. I appen finn du også gode turforklaringar med kart og gps-spor.
Frå i år er det berre i appen du kan registrere turane du går.
Her ser du korleis du lastar ned appen.
– Ta omsyn til dyr, plantar og menneske
– Det er viktig å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglane før ein går på tur. Vi oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppfordrar Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.
Årets Stikk UT!-turar i Herøy
- Blåfjellstien (ny)
- Byvandring rundt Våje, Fosnavåg
- Djupvikhaugen (ny)
- Eggesbøvegen til endes
- Herøy gard
- Hornseten (ny)
- Leinemastra (ny)
- Lidafjellet (ny)
- Lysløypa på Leikong
- Rysseviktua (ny)
- Røddalshornet (ny)
- Sandvikhornet (ny)
- Skagetåa (ny)
- Vasseidet på Remøy (ny)
- Øyrahornet (ny)