Adobe Stock
Bestillingstransport er eit rutetilbod som berre køyrer når nokon har bestilt.
31. mai er siste dagen med bestillingstransport i Møre og Romsdal. Herøy er ein av kommunane der fylkeskommunen har hatt bestillingstransport.
Fylkeskommunen skriv: «Fylkestinget behandla i møte 23. april 2024 budsjettet for fylkeskommunen for 2024. Grunna fylkeskommunen sin økonomiske situasjon inneheldt budsjettforslaget ulike innsparingsforslag. Eit av forslaga var å kutte ut all bestillingstransport, då bestillingstransport ikkje er ei lovpålagt oppgåve. Forslaget vart vedteke.»
Her er rutene som blir lagde ned i Herøy frå 1. juni.